Gå til sidens hovedinnhold

Oddbjørn (6) ber ordføraren om hjelp

Artikkelen er over 3 år gammel

Kan du ordna busskur? spør 6-åringen.

Det står i eit kort brev frå unge Oddbjørn Enæs til Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø.

Heile brevet er som følgjer: Kan du byggja nytt busskur på Ænes? Når det regnar blir eg så våt. Helsing Oddbjørn Enæs. Eg er 6 år.

Ordføraren svarar slik på brevet:

Eit av dei mest sjarmerande breva eg har fått i min ordførargjerning. Får vel berre finna fram hammar og spikar, skriv Slettebø på sin Instagram-profil måndag.

Også statsminister Erna Solberg viser Oddbjørn støtte.

– For oss gamle Ænesferierende er dette et viktig fremskritt, kommenterer ho på Slettebø sin Instagram-post.

Kommentarer til denne saken