Du har sikkert sett det fine busskuret med torvtak i Teigen. Innbyggjarane er fornøgde med det, men problemet er at det skulle vore eit på andre sida av vegen òg, slik at alle dei ungdomane som skal til Husnes ungdomsskule eller Kvinnherad vidaregåande også får ly for det lunefulle vestlandsvêret. 37 elevar tar buss frå Teigen til skulen sin kvar dag. Nokre av desse skal til Valen, og er med det sikra ly for morgonvêret, men dei fleste skal til Husnes. Mange gonger startar difor skuledagen på ein utriveleg måte. Steffen Takvam Dale tok kontakt med Kvinnheringen for å skapa litt blest om dei vanskelege tilhøva. Vi møter han på busstoppen i Teigen, saman med fem andre elevar han har samla for høvet. Denne dagen skin sola, men det gjer ho slett ikkje kvar dag. Problemet oppstår i ruskevêr.

– Mange morgonar er det regn og kulde, noko vi òg kan bli sjuke av, klagar Solveig.

Alle nikkar, og Kaia legg til:

– Ofte er det vind òg. Gjerne så mykje at det er vanskeleg å bruka paraply. Det å bli våt og kald gjer det vanskeleg å konsentrera seg på skulen. Faktisk kan det gå direkte ut over karakterane, sukkar ho.

Mia peikar på at ventetida kan bli lang.

– Bussen er ofte sein, og desto våtare og kaldare blir vi, legg ho til.

Initiativtakar Steffen minner om at pc og skulebøker også kan ta skade av regnet. Han summerer opp situasjonen på denne måten:

– Det er rett og slett ei plage!


Takkar for initiativet

Vi spør avdelingsingeniør Geir Sverre Andreassen i Statens vegvesen om busskur på sørsida av fylkesvegen i Teigen er noko som står på planen.

– Eg skulle gjerne ha kome med godt nytt, men det har eg dessverre ikkje. Problemet i Teigen er nytt for oss, og derfor ikkje noko vi har vurdert før.

– Kva skal til for å få dette lyet for vêret på plass?

– Den vanlege saksgangen er at fylkespolitikarane prioriterer og set av pengar til bruk på ulike tiltak langs fylkesvegane. Først då kan vegvesenet gå i gang med prosjektering og gjennomføring.

– Kan du gjera noko for å få fortgang i slike saker?

– Vi har ei kollektivgruppe som lagar innstillingar til fylkeskommunen. Eg lovar å melda skuret i Teigen inn for denne gruppa, og så får vi håpa at skuret kan bli prioritert. Uansett snakkar vi om tiltak tidlegast til neste år, seier Andreassen.

Han peikar på at saka kanskje òg kan løysast på andre måtar.

– Det kan henda at Kvinnherad kommune kan gjera noko, anten gjennom Kvinnheradpakken eller ved å søkja fylket direkte om midlar frå Fylkestrafikkutvalet. Rådet mitt til elevane i Teigen er at dei skriv brev både til kommunen og til Statens vegvesen, slik at saka får eit ekstra puff, oppmodar Andreassen.

Han gir elevane i Teigen ros for initiativet.

– Ungdomane skal ha takk for å ha gjort merksam på at denne store gruppa med elevar i Teigen ikkje har vern for vêret medan dei ventar på skulebussen. Vi visste ingenting om dette, og set derfor pris på slike tilbakemeldingar, rosar avdelingsingeniør Andreassen.