Seks prosent bur trongt

DEL

I Kvinnherad er det registrert 5094 einebustadar og 208 leiligheter, samt 1398 hytter/fritidsbustadar. 82,1 prosent eig primærbustaden sin sjølv, medan 13,2 prosent leiger bustad. 4,6 prosent er medeigar i eigen bustad gjennom andels-/aksjeeigar-ordningar. Det viser tal frå SSB.

I kvart hushald bur det i snitt 2,28 personar. 15 prosent av innbyggjarane i Kvinnherad bur på landbrukseigedom, medan 6 prosent bur trongt. Med sistnemnte meiner ein personar som bur i hushald der talet rom i bustaden er mindre enn talet personar eller der éin person bur på eitt rom. I tillegg må talet kvadratmeter vera under 25 per person for at ein skal rekna bustaden som trong, står det å lesa hjå SSB.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags