Sterk tru på bustadmarknaden i 2019

Valen er ei populær bygd å busetja seg i. Der er det for tida åtte bustader for sal. (Arkivfoto).

Valen er ei populær bygd å busetja seg i. Der er det for tida åtte bustader for sal. (Arkivfoto).

2019 står for døra. Kva har vi i vente? Blir det oppgangstider, folketalsvekst og fleire selde bustader enn i fjor?

DEL


Ved inngangen av dette året er det på finn.no totalt 54 bustader registrerte for sal i kommunen. Dei to dyraste eigedommane er ei tomt på Sæbøvik med to einebustader og strandlinje til 7.990.000 kroner, og eit hus med strandlinje på Gangstø på Sunde til 6,5 millionar kroner.

Marita Pedersen er eigedomsmeklar ved EiendomsMegler 1 på Stord, bur på Halsnøy og kjenner bustadmarknaden i Kvinnherad godt.

– Det er optimisme i marknaden. Arbeidsløysa går ned, og Hydro Husnes sine gode tider er bra nytt for bustadmarknaden, seier Pedersen.

– I 2018 var det tre prosent prisauke på einebustader, og vi forventar også ein auke på bustadprisane framover i 2019 på ca. 3–4 prosent i Kvinnherad. Prisane er på veg oppover, slår Pedersen fast.

Når det gjeld omsetningsfarten på bustader er det litt opp og ned. Tyngst er det å selja bustader med eldre standard, og oppussingsobjekt. Dei unge etablerarane vil gjerne ha det nytt. I 2018 tok det om lag fem månader for eit sal, og Pedersen reknar med den tida vil gå ned det komande året.

– Eg trur dei fleste her har tru på marknaden i Kvinnherad. Det skjer ikkje over natta, men eg må seia at det er kjekkare å vera meklar no enn for nokre år sidan, seier Pedersen.

Ho kan opplysa at EiendomsMegler 1 i fjor selde halvparten av dei bustadene som vart selde her i kommunen, noko som er ein fin auke for meklarfirmaet.


Indrefileten

Ørjan Stokka hos Eiendomsmegler Vest fortel om eit veldig bra år for eigedomsmeklarane, men om eit relativt roleg år i Kvinnherad.

– Det går i rykk og napp og i bølgjer i kommunen, men vi håpar det skal opna seg meir i 2019. Hydro tilset folk og fleire andre verksemder gjer det same. Dersom ein òg får ha renta låg, ser det bra ut, seier Stokka.

– Eg er optimist uansett. Alt kan seljast, men det handlar jo òg om tid og pris. Vi vil sjølvsagt ha best mogleg pris, og så lenge ting blir gjort skikkeleg, så prøver vi å få kjøparar og seljarar nøgde, seier Stokka.

– Rosendal er framleis «indrefileten» når det gjeld sal, men vi ser òg at Valen er i farta og generelt går Husnes godt. Samtidig kan det vera pengar å spara på å handla litt i periferien, som Uskedalen, Løfallstrand og Herøysund, seier Stokka.


Aktiv

Christoffer Naustvåg Lillestøl er meklar hos Aktiv Eigedomsmekling, eit selskap som vart stifta i oktober 2017. Meklarfirmaet har kontor på Stord, og er delvis eigd av Tysnes Sparebank.

– Vi føler oss godt mottekne i Kvinnherad. Eg har sett mykje av Kvinnherad i 2018, og håpar å få sjå endå meir, seier Lillestøl.

Han fortel at det alltid er litt utfordrande å koma inn i ein marknad, og at det har vore lettare å koma inn i marknaden på Stord.

– Men gjennom Tysnes Sparebank i Kvinnherad har vi fått ein del eigedommar å selja her også. Kvinnherad er eit satsingsområde, og vi vil jobba aktivt mot Kvinnherad det komande året, seier Lillestøl.

Om det komande året seier meklaren at ein må forventa at det vil ta tid å selja bustaden sin, og ein må vera nøktern med omsyn til kva pris ein kan rekna med å få.

– «X-faktoren» i Kvinnherad er jo oppstarten på Hydro Husnes, som no søkjer etter 90 nye tilsette. Desse må finna ein stad å bu. Det kan jo gjera noko for heile kommunen, seier Lillestøl.


Her er talet på bustader som er til sals i Kvinnherad nett no:

Husnes: 9

Valen: 8

Sæbøvik: 6

Rosendal: 6

Sunde: 6

Uskedalen: 5

Høylandsbygd: 3

Dimmelsvik: 3

Ølve: 2

Herøysund: 2

Sandvoll: 2

Arnavik: 1


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags