Utvidar Klette brygge

MEIR: Geir Rusten vil byggja meir i strandkanten i Rosendal.

MEIR: Geir Rusten vil byggja meir i strandkanten i Rosendal.

Artikkelen er over 1 år gammel

Rosendal utbygging og Geir Rusten har kjøpt ei ny tomt i Rosendal, og får med det plass til eit par ekstra bustadar i Klette brygge-prosjektet.

DEL

– Vi har kjøpt nabotomta til den gamle flyhangaren av Bjørn Alsterberg. Med det får vi tolv meter ekstra strandlinje i forlenginga av den vi alt har, samt at vi ser på høvet for å utvida Klette brygge med to bueiningar til, fortel Geir Rusten, dagleg leiar i Rosendal utbygging.

Bygginga av Klette brygge begynte tidlegare i år, og bestod i utgangspunktet av fem bueiningar på 120 kvadratmeter kvar. No kan det altså gå mot sju, om Rusten får det som han vil.

– Kvifor valde de å kjøpa meir tomt?

– Den har jo ein særs flott og spennande lokalitet. No kan vi få litt orden på strandlinja ved å laga ein større heilskap her. Dette blir fint, seier han.

Rusten har ikkje sett nokon dato for når Klette brygge skal stå klar til innflytting.

– Vi har ingen deadline for prosjektet, så vi skundar oss langsamt. Vi ønskjer å gjera dette skikkeleg gjennomført og ordentleg, så då tar vi den tida vi treng.

– Har de begynt salet?

– Nei, og det vil vi heller ikkje gjera før vi ser enden på prosjektet. Men vi har mange som tar kontakt og er interesserte, så eg trur nok det skal gå veldig greitt å finna eigarar når Klette brygge står klart, trur Rusten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags