Slutt for MX Sport på Husnes

Sportsbutikken MX Sport på Husnes er konkurs.

DEL

Handlande på Husnes møtte torsdag stengde dører ved sportsbutikken på Husnes Storsenter. På dørene til butikken heng det lappe om at butikken er mellombels stengt.

I Brønnøysundregistrene står det å lesa at 27. desember opna Sunnhordland Tingrett konkurs i buet til butikken.

Dei seinare åra har det vore minustal for MX sport. I 2016 synte rekneskapen ei omsetning på 4,6 millionar og eit underskot på 500.000 kroner, medan det var ein minus på 17.000 kroner i 2015.

Les også: I går stengde Åsfrid Barstad dørene – 18 år etter at ho kjøpte seg inn i forretninga

Artikkeltags