Kåra til beste Spar-butikk i vest

Nils Trygve Markhus og Terje Markhus tok i mot utmerkinga på Gardermoen denne veka. (Pressefoto).

Nils Trygve Markhus og Terje Markhus tok i mot utmerkinga på Gardermoen denne veka. (Pressefoto).

Spar Valen er kåra til den beste butikken i regionen.

DEL


I skarp konkurranse med nærmare 80 andre Spar-butikkar i region vest, blei Spar Valen saman med Spar Vea nyleg kåra til dei beste butikkane.

Prisane blei delt ut under Spar-kjeda si samling på Gardermoen denne veka.

Utmerkinga som beste butikk i regionen går til dei fremste butikkane på områda kundetilfreds, utvikling på fokusområda i kjeda, årsresultat og lokalt engasjement.

Fredag blir det servert gratis kake og kaffi hos den folkekjære butikken på Valen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags