Stoppa «pop up»-butikken i kulturhuset: – Direkte konkurransevridande

Ordførar Peder Sjo Slettebø orienterte i går formannskapet om at ein ikkje vil tillata Popupstore Norge å bruka kulturhuset til popup-butikk i helga.

DEL


Som Kvinnheringen skreiv på onsdag, skulle Popupstore Norge ha ein midlertidig «butikk» i Festsalen i Kulturhuset Husnes laurdag og søndag, med sal av sports- og regnklede. Men i orienteringa si til formannskapet fortalde torsdag kveld fortalde ordføraren at denne typen kommersiell aktør ikkje kan nytta kommunale bygg til dette føremålet.

– Vi visste ikkje om at dette skulle komma før vi las om det i Kvinnheringen. Vi har ingenting imot popup-butikkar i Kvinnherad, men vi kan ikkje tillata at eit kommunalt bygg som kulturhuset på Husnes blir nytta til dette. Det vil vera direkte konkurransevridande overfor vårt lokale næringsliv, og det kan ikkje kommunen leggja til rette for, seier Slettebø til Kvinnheringen.

Han seier at ein ikkje har hatt skriftlege retningslinjer på dette, og at drivar av Kulturhuset Husnes derfor ikkje har gjort noko feil, men at praksisen har vore at ein har sagt nei til denne typen aktørar tidlegare.

– Vi har informert Popupstore Norge om at dei ikkje kan nytta Festsalen og kulturhuset, men dei står sjølvsagt fritt til å finna andre lokale hos private om dei ønskjer å ha ein slik popup-butikk, seier ordføraren.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags