– Det er ei vanskeleg sak, og påstand mot påstand

POSITIVT: Ståle Kaldestad kunne dra frå formannskapsmøte nøgd, etter at dei vedtok å taksera området, for så å vurdera å kjøpa grunnen.

POSITIVT: Ståle Kaldestad kunne dra frå formannskapsmøte nøgd, etter at dei vedtok å taksera området, for så å vurdera å kjøpa grunnen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet vedtok at det ikkje var plikt til å kjøpa grunnen, men blei einige om å få inn takstar frå området.

DEL

Saka om at kommunen har lova Kaldestad å kjøpa grunn ved området i Podlen, var oppe i formannskapet torsdag. Formannskapet vedtok innstillinga til rådmannen samrøystes. Men det blei lagt ved eit punkt to frå Leif Sverre Enes (H), som sa at dei skulle henta inn to forskjellige takstar på området, og så vurdera på nytt om dei skulle kjøpa grunn der.

– Det er ei vanskeleg sak, og påstand mot påstand, sa Enes.

Han sette fram forslaget på bakgrunn av at det er sett av ni millionar kroner kvart år som skal brukast til grunnkjøp og næringsutvikling.

– Vi har ikkje brukt noko i år, og framover har vi bra med pengar til næringsareal. Det er og stor politisk vilje til næringsutvikling. Her kan vi sikra oss areal som ligg i nærleik til regionssenteret, sa Enes.

Glad for støtta

Ståle Kaldestad var sjølv til stades under møtet, og meiner framleis at kommunen har ein avtale om kjøp som dei bør halda.

– Punkt to som blei vedtatt, tolkar eg som ei stadfesting på dei dokumenta eg har lagt fram for formannskapet, og at eg har blitt trudd på at vi har ein avtale, seier Kaldestad.

Han er glad for støtta han meiner han fekk frå formannskapet, og ventar at administrasjonen tar kontakt snarast slik at partane kan komma i gang med vilkår og framgangsmåte for taksering av eigedommen.

– Det har vore ei krevjande sak for meg det siste halvanna året, sluttar Kaldestad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags