Deler bekymring for krafteksport

Førre veke besøkte Andreas Christiansen Halse (t. v.) og fagleg leiar Tine Søderstrøm Knutsen i Sosialistisk Ungdom Søral. I midten står Johnny Håvik, ungdomstillitsvald i HKF. (Foto: Karl Petter Vårdal).

Førre veke besøkte Andreas Christiansen Halse (t. v.) og fagleg leiar Tine Søderstrøm Knutsen i Sosialistisk Ungdom Søral. I midten står Johnny Håvik, ungdomstillitsvald i HKF. (Foto: Karl Petter Vårdal).

Artikkelen er over 7 år gammel

Onsdag førre veke besøkte Sosialistisk Ungdom Søral.

DEL

Frå Sosialistisk Ungdom deltok leiar Andreas Christiansen Halse og fagleg leiar Tine Søderstrøm Knutsen. Frå Søral deltok administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit, leiar i Husnes Kjemiske Fagforeining (HKF) Ørjan Normann og Johnny Håvik, ungdomstillitsvald i HKF. Tema for møtet var situasjonen til Søral med særleg fokus på kraft og krafteksport. SU-leiar Andreas Christiansen Halse var imponert etter besøket:

– Vi brukte delar av påskeferien vår på dette besøket på Søral, der vi hadde møte og fekk omvising. Vi er imponerte over kor godt dei driv på Husnes, og kor effektiv og klimavennleg aluminiumsproduksjonen der er. Inntrykket er at dette absolutt er ei næring som det må satsast på i framtida!

Han seier dei også registrerte at klubben og leiinga ved Søral delte Sosialistisk Ungdom si bekymring når det kjem til planlegginga av nettutbygging i inn- og utland, og konsekvensane det vil få for norske forbrukarar og norsk industri.

– Vi meiner vasskrafta burde brukast på norsk industri slik at ein her kan halda fram med å produsera aluminium i verdsklasse slik som dei gjer på Husnes. Vi fekk godt utbyte av besøket og kjem til å jobba politisk framover for at verk som Søral kan få leva vidare, og håpet er at ein får i gang full produksjon i framtida.

Vi spør Johnny Håvik kvifor det er så viktig å få ungdomspolitikarar på besøk til Søral.
– SV er eit regjeringsparti, og då er det spennande at dei viser interesse for oss. Håpet er at dei tek med seg informasjonen vidare og snakkar om Søral i sine forum. Vi må setja Søral på kartet og fokusera på kor bra vi er, og kor bra norsk industri er, seier Håvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags