Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune inviterer dei som har meldt flytting til kommunen siste halvdel av 2017 og første halvdel av 2018 til den årlege tilflyttarsamlinga 7. november. Det blir ein triveleg ettermiddag i festsalen i kulturhuset på Husnes.

Frivillige lag og organsisasjonar vil vera til stades i salen, og elles ser programmet slik ut:

●Velkomen v/ordførar Peder Sjo Slettebø

●Innlegg frå konstituert rådmann Torstein Aarthun

●Kvinnherad Kulturskule

●Kvinnherad Turlag

●Presentasjon av Uskedal Utvikling

●Pause med lett matservering, kaffi og te

●Etablerarar: Tina Rosvold Eik og Yngve Olsen

●Song ved Røysterett for Alle

●Trekking av gåver frå Tysnes Sparebank, Spare Bank 1 SR-bank & Sparebanken Vest

●Ordførar trekkjer kommunen sin «tilflyttarpris» og ein sjekk på 10.000 kroner

– Det er sendt invitasjon i posten til dei det gjeld, men har nokon flytta hit i det tidsrommet og ikkje fått invitasjon, så ta kontakt. Grunna trekking av tilflyttarpris og servering, treng vi påmelding til arrangementet, melder arrangørane.