Dill AS i økonomiske vanskar

I desember i fjor gjekk fleire hundre i fakkeltog for å bevara Dill AS på Halsnøy då politikarane ville overlata matproduksjon til Helse Bergen Hospitaldrift. Slik blei det, og no slit Dill med økonomien. (Arkivbilde).

I desember i fjor gjekk fleire hundre i fakkeltog for å bevara Dill AS på Halsnøy då politikarane ville overlata matproduksjon til Helse Bergen Hospitaldrift. Slik blei det, og no slit Dill med økonomien. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 4 år gammel

Ei ekstraordinær generalforsamling skal om kort tid avgjera framtida for kafeen Dill AS på Halsnøy.

DEL

I ei pressemelding skriv styreleiar Gerhard Eide at selskapet er kome i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, og at drifta per dags dato går med tap. Han legg skulda på bortfallet av matleveringa til Halsnøytunet, som politikarane overlét til Helse Bergen Hospitaldrift like før jul i fjor.

– Dill AS vart i hovudsak stifta med føremål om å produsera og levera mat til bebuarane ved Halsnøytunet, skriv Eide i pressemeldinga.

Når denne føresetnaden ikkje lenger er til stades, viser det seg vanskeleg å driva med overskot.

Bygdefolket får skryt for heilhjarta støtte frå starten av, men det ser ikkje ut til å vera nok til å sikra ei god drift.

– Det har så langt ikkje lukkast å finna nye berekraftige aktivitetar. Styret ser difor inga anna løysing enn å kalla inn til ekstraordinær generalforsamling for å diskutera framtida for selskapet, står det i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags