Dominerte, men tapte

TAP:Ida Røssland og lagveninnene spelte ein god tap, men nok ein gang var det effektiviteten framfor motstandar-målet som felte Rosendal-damene.

TAP:Ida Røssland og lagveninnene spelte ein god tap, men nok ein gang var det effektiviteten framfor motstandar-målet som felte Rosendal-damene.

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Heimelaget varta opp med årsbeste og dominerte store deler av kampen, men det vil seg ikkje for Rosendal-damene.

DEL

– Det er fortvilande. Jentene hadde fortent så mykje betre i ein kamp der vi er betre enn motstandaren i det meste. Finnest det rettferd i denne verda, så må det snu seg for oss, meiner trenar Leif Kristian Skåla.

Kampen mot samarbeidslaget frå Nordordland på sundag, var som eit ekko frå tidlegare oppgjer, der Rosendal-damene har dominert spelemessig, produsert sjansar, men får ikkje ballen i mål.

– Vi produserer nesten eit titals kvalifiserte målsjansar, spelar i periodar god fotball og hadde ballen 60–70 prosent av kampen. Likevel lukkast vi ikkje med å få uttelling, seier Skåla.

Han rosar laget for flott innsats. Sjølv om laget har hatt mykje motgang denne sesongen, er lagmoralen intakt.

– Vi må berre jobba vidare og håpa at resultata kjem etter kvart, meiner Rosendal-trenaren.

Laget hans fekk ei verst tenkeleg opning på kampen, då gjestene skåra før det var gått eitt minutt av kampen.

Til helga møter Rosendal botnlaget Os borte.

– Det vert ein svært viktig kamp. Os er det einaste laget som ligg bak oss på tabellen, seier Skåla.

Artikkeltags