Over 200 sau og lam er sporløst borte

Over 200 lam og sauar sporlaust forsvunne.

Over 200 lam og sauar sporlaust forsvunne. Foto:

I fjellet langs austsida av Folgefonnhalvøya er over 200 lam og sauar sporlaust forsvunne, skriv NRK Hordaland.

DEL

(Hardanger Folkeblad): Bøndene trur ein jerv som er syndebukken.

– Vanlegvis finn ein i alle fall spor etter dyra, men i dette høve har me ikkje funne nokon ting. Det er mystisk. Me trur det må vere eit rovdyr som står bak, og då må me rekna med at det er jerv, seier bonde Vidar Reisæter til NRK.

Ifølgje Statens naturoppsyn har ein jerv blitt observert i fjellet lands austsida av Folgefonnhalvøya.

– Me har fått inn ei melding frå ein som har observert ein jerv i område. Om det er ein jerv der no, veit me ikkje, men me kan håpa at me finn det ut no når det er sporsnø, seier rovviltkoordinator Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

NRK skriv at bøndene no tar saka i eigne hender og skal prøva å finna ut om det er jerven som har vore på ferde.

Utan handfaste bevis blir det nemleg heller ikkje erstatning for bøndene.

Dei legg no ut åte og skal filma med viltkamera.

Bøndene oppfordrar alle om å ta kontakt om dei har sett noko.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags