Blanda reaksjonar på gaupevedtak

«Foreningen våre rovdyr» er begeistra, medan Rovviltnemnda ikkje set like stor pris på fylkestinget sitt gaupevedtak.

DEL

Som Kvinnheringen skreiv nyleg, har fylkestinget vedtatt ei fråsegn om å la gaupekull få etablera seg i fylket, mellom anna av omsyn til ein altfor stor hjortebestand. I etterkant av vedtaket har fylket fått brev frå Foreningen våre rovdyr, som takkar for eit godt vedtak og ei positiv haldning til rovdyr i naturen.

«Som de omtalar og har gjort greie for i vedtaket, er gaupa raudlista, på same måte som alle dei fire store rovdyra. Gaupa ligg for sjette året på rad under det nasjonale bestandsmålet. Det er gledeleg å sjå at gaupa kan få høve til å nytta seg av større naturlege leveområde, slik som Hordaland fylke er. Gaupa er eit rovdyr som er svært sky, og det er få som er så heldige å få oppleva det store kattedyret», står det i brevet.

Foreininga skriv òg at den er av den forståinga at rovdyr fører til ein meir heilskapleg natur der dei naturlege prosessane går sin gang, og at rovdyra for dei fleste fører til ei god kjensle av å oppleva naturen slik den skal vera.

Rovviltnemnda ser ikkje situasjonen på same måte. I brevet den har sendt til fylket, minner den mellom anna om bakgrunnen for dei bestandsmåla som er sett, og at desse var eit resultat av eit breitt forlik: «Når det gjeld gaupe har stortinget fastsett eit mål for kor mange «familiegrupper» det skal vera av gauper i landet. Dette talet er vidare fordelt på dei ulike rovviltregionane. Hordaland tilhøyrer region 1 saman med fylka Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest-Agder, og det er lik forvalting av rovvilt i denne regionen. Forvaltinga vert utført av nemnda som består av representantar frå alle fylka og baserer seg på dei statlege måla, lovverk og forskrifter».

Nemnda minner om at Stortinget har fastsett at for denne regionen skal beitedyr ha prioritet, og at det ikkje skal vera ynglande rovdyr her.

«Elles vil nemnda gi uttrykk for at det ikkje tener den felles forvaltinga i heile regionen at eit fylke gjer eit slikt vedtak utan å samordna seg med dei andre. Ein burde òg vurdert å henta inn informasjon og etablert dialog med nemnda om ein ønskja å endra forvaltingspraksis», står det å lesa.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags