Transportskipet «Eide Carrier», som ei tid har lege i opplag ved Lauvøya i Høylandssundet, fekk i den sterke vinden i natt problem med ankeret og ankervinsjen. Skipet kom på rek og låg og slo mot eit grunne mellom Lauvøya og Toftevågen. Ifølgje politiet har det ikkje vore fare for mannskapet eller skipet.

I 10.30-tida fekk to slepebåtar kontroll over skipet.