Tilbyr husvære til kommunen

Av
DEL


Selskapet Vestkyst har teke kontakt med kommunen fordi det ønskjer å tilby kjøp eller leige av eit leilegheitsbygg på Valen.

– Nokre medier har i dag omtala dei store oppgåvene ein må finna løysingar på når «eldresjokket» kjem. Ifølgje Folkehelseoversikten for Kvinnherad, så er oppgåvene ein må løysa større i Kvinnherad enn i andre kommunar ein kan samanlikna seg med, står det i e-posten til kommunen.

Selskapet ønskjer difor å tilby kommunen leiligheitsbygget, som husar 18 leilegheiter, og som ifølgje eigarane har stort potensiale.

– Me byr dette fram for Kvinnherad Kommune - kjøp eller leige av bygg og eigedom, står det i e-posten.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags