Einar årets unge matematikar

Einar B. Hegge (mitden) vann ope NM i matematikk. Her saman med NRK-profil Selda Ekiz (t. v.) og næringsminister Trond Giske.

Einar B. Hegge (mitden) vann ope NM i matematikk. Her saman med NRK-profil Selda Ekiz (t. v.) og næringsminister Trond Giske. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Einar Bogsnes Hegge (19) frå Husnes har vunne Niels Henrik Abels matematikktevling for elevar ved vidaregåande skular.

DEL

Tevlinga blir rekna for å vera ope norsk meisterskap i matematikk for elevar i vidaregåande. Over 3000 elevar frå heile landet var med, og dei 24 beste kom til finalen. Der gjekk altså Einar til topps.

I tillegg til å vinna 15.000 kroner – som vart overrekt av næringsminister Trond Giske i går – får Einar automatisk plass som ein av fem norske deltakarar i den internasjonale olympiaden i matematikk i Colombia.

– Alle finalistane er dyktige og eg hadde venta at det skulle bli jamt i toppen. Å vinna er veldig stort, kommenterer Einar Bogsnes Hegge sigeren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags