Det var i september i fjor dei to nye sjukeheimsblokkene på Bømlo stod ferdig utbygde. Prislappen for totalentreprisen for dei 59 nye sjukeheimsplassane var 70 millionar.

– Bruttoprisen vart på 109 millionar, opplyser rådmannen i Bømlo, Sverre Olav Svarstad.

Det var Engelsen Bygg AS som vann anbodskonkurransen og fekk tildelt totalentreprisen for dei to sjukeheimsblokkene.

– Vi var litt overraska over prisen, og det var store prisforskjellar på dei ulike anboda. Vi hadde nok trudd at prisen skulle bli høgare, seier Svarstad.

Både han og tilsette ved sjukeheimen er veldig tilfredse med dei to ferdige sjukeheimsblokkene.

– Vi er svært nøgde med den nye sjukeheimen. Vi har fått vera involverte undervegs, og kanskje det beste av alt er kor romsleg det er blitt i dei nye fløyene. Det gjer det meir praktisk og effektivt når vi skal arbeida. Her får vi arbeida i eigne team for avdelingane. Ein fordel både for oss og dei som bur der, seier verneombod Marit Kristin Særsten, til Bømlo Nytt.

Kvart av romma er på rundt 30 kvadratmeter, inklusiv bad og toalett.

Dei 59 sjukeheimsplassane er fordelte i tre etasjar i dei to nye sjukeheimsblokkene.

Kommunestyret i Kvinnherad sette av 200 millionar til utbygginga av Rosendalstunet. Men etter at forprosjektet var ferdig, vart det kalkulert med ein pris på 278,6 millionar. Eit samrøystes formannskap innstilte på at auken på 78,6 millionar skal inn i budsjettet og økonomiplanen. Rosendalstunet vil etter utbygginga få 60 sjukeheimsplassar, ein netto auke på 28 i høve til i dag.

Like heldige

Anne Guri Kildal er prosjektleiar for det nye Rosendalstunet. Ho understrekar at dei 78,6 kronene som formannskapet har innstilt på leggja inn, i tillegg til dei 200 millionane som er sett av frå før, ikkje har noko med budsjettsprekk å gjera.

– Vi har laga eit forprosjekt og gjort kalkulasjonar for kva vi trur det vil kosta. Det er først når vi har lagt saka ut på anbod vi får svar på kva prisane i marknaden er, og kva den endelege prisen vert. Det er lagt til rette for at utbygginga kan skje med modular, det kan redusera prisen, seier prosjektleiaren.

Ho har ikkje noko forklaring på korleis ein kunne byggja 59 nye sjukeheimsplassar på Bømlo til ein totalentreprise på 70 millionar, utan meirverdiavgift.

– Eg håpar vi kan bli like heldige, seier Kildal.

Forprosjektet til det nye Rosendalstunet skal opp for endeleg godkjenning neste veke. I løpet av sommaren vert prosjektet lagt ut på anbod. Etter at anboda er kome inn, skal saka tilbake til formannskap og kommunestyre som skal godkjenna den endelege prisen.