Til helga er det klart for Løveleikar på Husnes stadion

Komiteen gler seg til å ønskja velkomen til Løveleikar på laurdag. Frå venstre: Randi Knutsen (Trio), Terje Torget (Lions Stord/Fitjar), Are Ulseth (Trio), Nils Magne Kloster (Lions Halsnøy), Agnar Utvær Melkersen (Lions Kvinnherad), Tronn Urdshals (Lions Kvinnherad) og Gianni Rebaudo (Metro Reklame).

Komiteen gler seg til å ønskja velkomen til Løveleikar på laurdag. Frå venstre: Randi Knutsen (Trio), Terje Torget (Lions Stord/Fitjar), Are Ulseth (Trio), Nils Magne Kloster (Lions Halsnøy), Agnar Utvær Melkersen (Lions Kvinnherad), Tronn Urdshals (Lions Kvinnherad) og Gianni Rebaudo (Metro Reklame).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Til helga er det duka for Lions Club sine Løveleikar på Husnes Stadion. Mykje moro er i vente. Born, unge og vaksne med utviklingshemming er velkomne til å delta på dette friidrettsstemnet som Lions Club står bak, men som IL Trio har det tekniske ansvaret for.

– Lions Club fyller 100 år denne dagen, noko som blir markert med Løveleikar mange stader i landet. Det er heilt i tråd med formåla i Lions å trø til for grupper som kan ha det vanskeleg, så dette gler vi oss til, seier Agnar Utvær Melkersen i Lions Club Kvinnherad.

Tre klubbar har gått saman om arrangementet, som vil få deltakarar frå heile Sunnhordland. Det er Lions Club Kvinnherad, Lions Club Halsnøy og Lions Club Stord/Fitjar. Arrangementet vert opna med friske tonar frå Husnes Musikklag.

Alle er vinnarar

Deltakarane får bryna seg i åtte ulike øvingar. Desse er lengde, kule, kast med liten ball, Petanque (eit boccia-liknande spel), 60 meter, 100 meter og 400 meter.

– Medan leikane går føre seg vil ei løve og ein hare spretta rundt på banen og laga moro for deltakarane, fortel Melkersen.

Og premiane er fine. Alle som deltar  får T-skjorte, diplom og medalje.

– Her gjer vi ikkje forskjell på nokon. Alle blir premierte for innsatsen, slår Melkersen fast.

Og ikkje berre det, deltakarane får òg eit varmt måltid mat, nemleg lapskaus frå Dill.

– Alt vi byr på denne dagen er gratis for deltakarane, både stemnedel-taking, underhaldning, premiar og mat, forsikrar Melkersen.

Påmeldingsfristen er gått ut, men komiteen er open for etternølarar.

– Kontakt oss i Lions eller i Trio, så kan det nok ordna seg, lovar komiteen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags