Onsdag denne veka fekk soknepresten vita at bispedømerådet har avslått søknaden. Avslaget kom høgst uventa og opprører presten.
– Buplikta er ei antikvarisk ordning som er gått ut på dato for lenge sidan. Den skriv seg frå den tida då bustaden og prestegarden var ein del av løna til prestane, seier han oppgitt.
I september i år kjøpte Jan Ove og kona Marit Elisebet Totland seg ein einebustad i bustadfeltet Eplehagen på Valen. Same månaden sende Totland søknad til bispedømerådet i Bjørgvin om fritak for buplikta i den kommunale tenestebustaden i Stølshaugvegen på Husnes.
Alle andre instansar som har uttalt seg i saka, har vore positive til søknaden: Soknerådet, prosten og presteforeininga.
Også kommunen, i kraft av å vera eigar av prestebustaden, var positiv til søknaden – under føresetnad av at bispedømekontoret betalte husleiga dersom det ikkje vart aktuelt for kommunen å selja huset i Stølshaugvegen.
Presteparet har alt delvis flytta til Valen. Dei bur litt her og litt der. Totland har fri nokre dagar, og paret hadde planlagt å bruka fridagane til å flytta inn i huset på Valen denne helga. No veit dei ikkje korleis det blir.
– Vi har ein ankefrist, og kjem til å bruka alle midlar vi kan for å få heva buplikt-ordninga. Det kjennest ikkje godt å måtte søkja om å få bu i sitt eige hus, seier soknepresten.