Feira med bobler og kake

Torsdag kunne søstrene Mari (t.v.) og Martha Sofie Teigen Varanes sleppa jubelen laus: Endeleg framme i Lindesnes etter å ha gått Norge på langs! (Foto: Privat).

Torsdag kunne søstrene Mari (t.v.) og Martha Sofie Teigen Varanes sleppa jubelen laus: Endeleg framme i Lindesnes etter å ha gått Norge på langs! (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Torsdag føremiddag kunne endeleg søstrene Mari (26) og Martha Sofie (24) Teigen Varanes feira med sjampanje og kake etter å ha nådd Lindesnes. Dei har nemleg gått Norge på langs på rundt 100 dagar!

DEL

– Det var ei fantastisk kjensle å endeleg koma fram, etter å ha vore 103 dagar på tur. Samtidig er det rart at vi ikkje skal gå vidare, at vi er ferdige, sa Mari på telefon då Kvinnheringen ringte ho fredag. Etter å ha lege på hotell ei natt i Kristiansand, var ho i bil på veg heim til Kvinnherad, medan Martha Sofie var på veg tilbake til naprapatstudia i Stockholm. Mari er flytta heim igjen til kommunen saman med kjærasten, og byrjar snart i jobb som lærar i norsk og samfunnsfag på KVV.

Godt tatt imot
Vi bad Mari fortelja om turen dei har hatt. Kva var kjekkast?
– Mange har spurt oss kva vi synest var den finaste plassen, men det var så mange fine plasser at det er vanskeleg å velja ut éin. Vi fekk sjå så utruleg variert landskap gjennom heile landet, det var verkeleg vakkert, seier Mari.

Men likevel er det ikkje det dei trudde på førehand dei kjem til å hugsa best som peika seg ut:
– Vi har mimra litt ilag no dei siste dagane, og det vi trur vi kjem til å hugsa best er alle folka vi har møtt! Vi har blitt så utruleg godt tatt imot over alt, det var nesten absurd kor vennlege folk var. Folk tok kontakt med oss, og når vi fortalde at vi gjekk Norge på langs tilbydde dei oss både mat og hus og heim!

I Setesdalsheiane kom det ekstremvêr på søstrene, med mykje regn og vind. Heldigvis fann ein kar frå Jæren i ei gjeterhytte, og han lét dei få koma inn og sova tørt. Elles har dei møtte på trivelege samar i Finnmark, og på Finse møtte dei Geir Eidsvik frå Uskedalen som dei lånte kart av. Han hadde kjøpt snop til dei og lét dei få bu hos han.

Mari vil i tillegg trekkja fram turfølgjet sitt, søstera Martha Sofie, som var ein av hovudgrunnane til at turen blei så fin som den blei.
– Vi har hatt det utruleg kjekt ilag, og blitt endå nærmare som søstre.

Her er bloggen til Mari og Martha Sofie, som dei har oppdatert undervegs på turen.

Les heile intervjuet om den lange turen i papiravisa på måndag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags