Fekk bruksrett på Valøya

I tillegg til å vera beiteland for Valen og Handeland gard, er Valøya eit viktig rekreasjonsområde med kulturminne, stiar, raste- og badeplassar. (Arkivbilde).

I tillegg til å vera beiteland for Valen og Handeland gard, er Valøya eit viktig rekreasjonsområde med kulturminne, stiar, raste- og badeplassar. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 6 år gammel

Friluftsrådet Vest sin søknad om bruksrett på Valøya, vart vedteken av Fylkesutvalet i går ettermiddag (torsdag).

DEL

Det kom forslag om å endra einskilde punkt i avtalen, men det fekk ikkje fleirtal. Dermed vart innstillinga frå fylkesrådmannen vedteken. Med det er Valøya sikra for ålmenta, før Valen og Handeland gard blir seld og kjem på private hender.

– Det er flott at Friluftsrådet Vest kjem inn som ein garantist for framtida. Dette er ei god løysing og ein siger for både oss og komande generasjonar, seier Reidar Handeland i Valestiftinga.

Avtalen om bruksrett endrar ikkje på den noverande bruken av Valøya. I tillegg til å vera beiteland for garden, er halvøya eit viktig rekreasjonsområde med kulturminne, stiar, raste- og badeplassar. Skuleklassar og barnehagar brukar området som «uteklasserom». Mykje av ryddinga og tilrettelegginga er gjort av aktiviseringsgruppa ved Valen sjukehus, i samarbeid med Valen og Handeland gard. I 2010 vart det mellom anna reist ei ope rastehytte på dugnad, men med fylkeskommunale midlar.

Friluftsrådet Vest er eit interkommunalt friluftsråd for medlemskommunane Kvinnherad, Stord, Fitjar, Etne, Sveio, Bømlo, Sauda, Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Bokn.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags