Gå til sidens hovedinnhold

Fekk draumejobb i New York

Artikkelen er over 8 år gammel

Husnesingen Andreas Tjeldflaat (28) har fått draumejobb i New York. Fredag hadde Dagens Næringsliv (DN) eit heilsides intervju med arkitekten.

I intervjuet kan ein lesa at han for rundt ein månad sidan fekk jobb ved arkitektkontoret Toshiko Mori i New York. For tida er han prosjektarkitekt på eit nytt forskingssenter som skal byggjast ved Massachusetts Institute of Technology.

– Det var dette eg heile tida ville, det er draumejobben i draumebyen. Så no føler eg at eg verkeleg må gi alt, eg er førstemann som kjem på kontoret og sistemann som går, seier han til DN.

I fjor blei han ferdig med mastergraden i arkitektur ved Ivy League-universitetet i Philadelphia. Tjeldflåt seier til avisa at han framleis ikkje veit om, eller når, han kjem heim til Norge igjen:

– Eg tek eitt år av gongen. Kvar gong eg er heime på Vestlandet vil eg berre bli igjen der. Men akkurat no trivst eg veldig godt her. New York er heilt rett by for meg.

I 2011 fekk Tjeldflaat Kvinnherad Kulturstipend på 50.000 kroner, som han har nytta til å fullføra arkitektutdanninga i USA.