Ein kvinnheringen kontakta nyleg politiet og meldte eit forsøk på svindel. Vedkommande hadde fått ein faktura frå noko som heiter Norsk Søkemotoroptimalisering.
– Fakturaen var på 2.995 kroner, og var adressert til eit firma som ikkje har vore i drift dei femten siste åra. Det fekk mottakaren til å ana ugler i mosen. Han visste han ikkje hadde inngått nokon avtale med firmaet. Vi ser at nettsida Trygghandel.no åtvarer mot akkurat denne aktøren, og vår oppfordring blir den same: Om du får ein faktura du ikkje kjenner til, ikkje betal den før du har sjekka grundig opp i kor den kjem frå. Er det eit svindelforsøk og du betalar er det liten sjans for at du ser dei pengane igjen, fortel politibetjent Torgeir Fosse. Han seier politiet i Kvinnherad stadig får meldingar om firma og privatpersonar som får fakturaer dei ikkje kjenner til.