Stord og Etne vil ha bompengar

Fylkespolitikarane vedtok Kvinnheradpakken i førre veke. (Arkivfoto).

Fylkespolitikarane vedtok Kvinnheradpakken i førre veke. (Arkivfoto).

DEL


Fylkesutvalet vedtok torsdag i førre veke at Kvinnherad kan få krevja inn bompengar på sambanda Ranavik–Skjersholmane og Utåker–Skånevik. Sistnemnde har ført til sterke protestar i Etne kommune, som Kvinnheringen tidlegare har omtala.

Også Stord kommune var i høyringsrunden negative til innføring av bompengar på ferja mellom Stord og Kvinnherad, ifølgje Stord24.

Men fylkespolitikar frå Kvinnherad, Bente Bondhus (Ap), fekk fleirtal for eit oversendingsforslag der ein vil be fylkesrådmannen greia ut om Stord og Etne kan få sin del av bompengane til å bruka på lokale vegprosjekt, skriv nettstaden.

Det er fylkestinget som skal fatta endeleg vedtak i saka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags