Sjøfartsdirektoratet åtvarar etter batteribrannen

«Ytterøyningen» gjekk på diesel og ikkje på batteri då det begynte å brenna.

DEL

Torsdag kveld førre veke begynte det å brenna på ferja MF «Ytterøyningen», og fredag morgon eksploderte det under dekk, i, eller i tilknyting til batterirommet.

Sjøfartsdirektoratet skriv måndag at dei anbefaler alle reiarlag som har fartøy med batteriinstallasjonar om å gjera risikovurderingar knytt til farane for mogleg samling av eksplosive gassar i samband med uønskte hendingar i batterisystemet.

I tillegg viser dei til batterileverandøren Corvus Energy sine anbefalingar. MF «Ytterøyningen» køyrde på diesel og hadde kopla frå batteripakken då det begynte å brenna i batteriet. Utan å vera kopla til, kan brua gå glipp av viktige feilmeldingar, seier batteriprodusenten, ifølgje NRK tysdag.

Tryggleiksmeldinga vil bli oppdatert når ytterlegare fakta og informasjon og er tilgjengeleg, skriv direktoratet.

– Då hendinga skjedde gjekk fartøyet på diesel og ikkje på batteri. Batteriet var ikkje kopla til framdriftssystemet til båten, seier Marianne Frønsdal, kommunikasjonssjef i Norled, til NRK. Om kablane til alarmsystemet var kopla frå, blir eitt av spørsmåla i etterforskinga av årsaka til brannen.

Ferja ligg no til kai i Ølensvåg.

Lensmann Sigurd Børve fortalde til Kvinnheringen måndag at politiet jobba med å henta inn ekspertise som kan hjelpa til i etterforskinga. Tysdag melder NRK at Kripos er kopla inn, og at Norled også har starta ei uavhengig gransking.

Brannen i MF «Ytterøyningen» er den første brannen i ei elektrisk ferje i Norge. Dei neste åra vil fleire og fleire ferjesamband bli elektrifiserte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags