Innstilte ferjer og snøggbåtar

DEL


Norled melde tysdag før klokka 15 at rute 1 mellom Årsnes og Gjermundshamn var innstilt grunna vêret. Den blir innstilt ut dagen.

Like etter kl. 15 skriv Norled at rute 2 i Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn-sambandet òg er innstilt. Ruta er innstilt inntil vidare, står det.

Uvêret som herjar på Vestlandet skapar òg trøbbel for hurtigbåten i Sunnhordlandsruta. Sjå kva avgangar som er innstilte på Norled sin nettstad her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags