Mann fall ned ferjetrapp

Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn-sambandet blei innstilt onsdag føremiddag etter at ein mann skada seg om bord.

DEL


Vest politidistrikt melde klokka 11.19 onsdag at ein mann hadde falle ned ei trapp om bord på ferja M/F "Etne". Han var bevisstlaus etter hendinga, ifølgje politiet.

Etter å ha kvikna til blei mannen køyrd til Odda sjukehus, opplyser operasjonssentralen til Kvinnheringen. Dei kunna ikkje seia noko meir om tilstanden til den uheldige.

 Like før klokka 12 melde Norled at rute 1 ville ha avgang frå Årsnes kl. 12.30, og at begge rutene ville vera tilbake i normal drift frå klokka 13.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags