Sju-åtte bilar pluss eit vogntog venta på ferja til Stord, inkludert Hogne Gjuvsland med familien, svogeren og svigerinna. Dei var alle på veg til Stord på handletur, men ferja kom aldri. Då ringte Gjuvsland til ferja «Strand», som gjekk i hovudruta, for å høyra med dei kva som var skjedd. Ifølgje Gjuvsland la mannskapet på «Strand» seg flate, og innrømte at dei og mannskapet på ferje 2 ikkje hadde fått med seg ruteendringa, som kom 17. august. Det var «Stallovarre» som skulle gått turen Gjuvsland og familien venta på, og i staden måtte ferjekøen venta på neste ferje, Strand, som gjekk 11.45. Det blei heller ikkje sendt ut driftsmeldingar på SMS, om at ferja ikkje kom.
Det er ikkje første gongen Gjuvsland, som driv Husnes Trafikkskule og pendlar til Stord ofte, har blitt ståande og venta på ei ferje som aldri dukkar opp. Han er lut lei av Norled sin måte å driva ferjesamband på:
– Eg klandrar leiinga. Dei har eit ansvar for å informera mannskapet når dei føretar endringar! Dette går ikkje an.
Han legg til at når Norled sine kontor er stengte i helgane er det vanskeleg for folk å vita kor dei skal ringa for å spørja.
– Då må du vita kva ferje som går i kva rute, og så ofte som Norled byter ferjer er det omtrent umogleg. I veka gjekk «Stallovarre», men no i helga var den bytt ut med «Gloppen»!
Beklagar
Lars Juvik, assisterande regionsjef i Norled, beklagar hendinga, og fortel at det stemmer at mannskapet ikkje var informert:
– Det er Skyss som lagar rutene. Då dei kom med endringar før ferien fekk vi ei liste over kva som var endra, og då var det ikkje sagt noko om denne endringa i Ranavik–Skjersholmane-sambandet, seier Juvik.
Han fortel at slik han forstod det frå Skyss si side, så hadde dei plukka opp denne endringa som eit ønskje frå mannskapet på ferje 2. Mannskapet fortalde at ruta burde begynna tidlegare laurdagen fordi det då var meir trafikk.
– Men personen i Skyss som hadde ansvar for dette slutta 1. mai, og hadde ikkje formidla det vidare til han som overtok jobben. Slik hamna det i ruta utan at vi fekk endringsordre. Det er klart at hadde mannskapet lest rutene grundig, hadde dei kanskje plukka det opp, men i og med at dei ikkje hadde fått melding om endringa visste ingen om det då laurdagen kom. Dette er ein glipp av både Skyss og Norled, som ikkje har kommunisert godt nok. Det er kritikkverdig, og vi beklagar det. Eg skal i fleire dialogar med Skyss, slik at alt skal vera på plass til neste laurdag.
Målfrid Vik Sønstabø, leiaren i avdeling for trafikktilbod i Skyss, har følgjande kommentar:
– Det var nokre uheldige omstende som dessverre førte til ein kommunikasjonssvikt mellom Skyss og Norled. Vi er svært leie oss for konsekvensane dette fekk for dei reisande, og vi beklagar så mykje til dei som vart råka av feilen. Vi har i samarbeid med Norled tatt tak i saka for å sikre at ferja går etter ruta på laurdag som kjem.
00