Hesjedugnad på Dønhaug 

Tradisjon tru inviterte Festidalen store og små til hesjedugnad på Dønhaug tysdag ettermiddag.

DEL

At bygda no er ferdigpynta med snåle fugleskremsel langs vegen er eit klart teikn på at Festidalen nærmar seg med stormskritt.

Men oppe på festival-området, derimot, er det ein heil del arbeid som må gjerast før startskotet går på fredag. Det var ein liten drøss med ivrige dugnadssjeler som var med på å hesja tysdag ettermiddag.

Nokre av dei som hadde tatt turen var Viljar Hella Berge Soldal (7) og Håkon Eide (5). Medan Viljar hadde gjort dette fleire gonger før, var det heile nytt for Håkon og mora.

– Vi såg eit innlegg på Instagram om dugnaden, og vi har jo aldri hesja før, så då måtte vi rett og slett «googla» litt, lo mamma Elin Grøndal Eide.

Therese Bondhus var godt i gang med å hesja då Kvinnheringen stakk innom:

– Vi håpar det kjem litt fleire folk etter kvart, så vi lokkar med vaflar på låven.

Og venninnene Silje Soldal (16) og Saima Døssland (15) hadde stålkontroll på vaffelsteikinga.

– Vi har vore med som frivillige sidan vi var pitte små, men med åra har vi fått litt meir ansvar, og litt meir arbeidsoppgåver, smilte dei to.

At det er stor stas å få lovt til å vera med å hjelpa til, er jentene samde i.

– På fredag skal vi vera frivillige, og på laurdag håpar vi å få med oss nokre konsertar, det er jo ei unik oppleving, fortel Saima og Silje.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags