Folk på venteliste for toppturfestivalen

TIL TOPPS: Sjur og Laila Langesæter i Rosendal Event har gjort det til eit levebrød å ta med seg folk på opplevingsturar på lokale fjelltoppar, som her til Gygrastol. Til helga arrangerer dei Rosendal Toppturfestival. (Foto: Rosendal Event)

TIL TOPPS: Sjur og Laila Langesæter i Rosendal Event har gjort det til eit levebrød å ta med seg folk på opplevingsturar på lokale fjelltoppar, som her til Gygrastol. Til helga arrangerer dei Rosendal Toppturfestival. (Foto: Rosendal Event)

Artikkelen er over 2 år gammel

Rosendal Event har overtatt ansvaret for Rosendal toppturfestival, og er klar til å senda rundt 70 personar til lokale fjelltoppar komande helg.

DEL

‒ Dette gler vi oss veldig til. Det er mykje å førebu sidan dette er første året vårt, men det meste begynner å bli klart for helga no, seier Laila Hervold Langesæter i Rosendal Event, som ho driv i lag med ektemannen Sjur Langesæter.

Tidlegare år har Bre og Fjell AS arrangert festivalen, men då dei signaliserte at dei ikkje ville halda fram i år, fekk Rosendal Event tilbodet om å ta over.

‒ Festivalen er i samarbeid med Rosendal turisthotell og Helly Hansen, og turisthotellet er heilt fullbooka for helga. I tillegg har vi selt ein del festivalpass til folk som har ordna seg med overnatting andre stadar. Vi har òg venteliste, for no er vi oppe i 70 personar med deltakarar, arrangørar og guidar, og høgare enn det har vi ikkje kapasitet til å gå, seier Langesæter, som synest det er strålande kjekt at etterspurnaden har vore så stor:

‒ Ein merkar jo effekten av at skiturar til fjelltoppar er blitt meir og meir populære dei seinare åra, i tillegg til at ein stor del har fått auga opp for dei flotte Rosendalsalpane.

Ikkje nok med at arrangørane av festivalen no har blitt lokale; også dei tolv guidane som skal vera med i helga er kvinnheringar.

‒ Det er kjekt å kunna nytta seg av det og dei vi har lokalt i størst mogleg grad, og eit arrangement som dette med så mange tilreisande vil jo vonleg skapa meirsal for andre aktørar i bygda òg, seier Langesæter om festivalen som i år vert betydeleg større enn den til no har vore.

Guidar cruiseturistar

Nøyaktig til kva toppar turane kjem til å gå er ikkje 100 prosent avklara enno:

‒ Den endelege avgjerda på det blir gjort på fredag. Dette fordi vi set tryggleiken veldig høgt, og vurderer rasfaren nærast frå dag til dag no. Eg kan elles nemna at det blir turar på ulike nivå, altså både for nybyrjarar, for dei som har noko erfaring og for dei som er veldig røynde og ønskjer krevjande turar, fortel Langesæter.

Deltakarane kjem frå heile landet, og i tillegg til sjølve toppturane blir det sosiale tilstellingar på turisthotellet, mellom anna eit føredrag med Wille Lindberg, ein av verdas beste frikøyrarar og gründer av Hardanger Lounge i Jondal.

Rosendal Event har det ikkje berre travelt komande helg. Etter ein vinter med intensiv nettverksbygging begynner det verkeleg å losna for dei to aktivitetsarrangørane, og meir vil det bli.

‒ Vi har hatt stor pågang av vinteraktivitetar, og den komande våren og sommaren kjem òg til å bli spennande og travel. Av 21 cruiseskip som kjem til Rosendal i sommar, har vi førebels avtale med 13 av dei, der vi skal ta gjestene med på ulike guida turar - Bondhus, Kjeldestøl, Baroniet med fleire. Vi har òg ein del bussturar, seier ho.

No til helga skal dei arrangera den første guida kajakk-turen sin på Hardangerfjorden, og neste veke skal Laila vera med på reiselivsmessa i Stavanger, der ho skal på ikkje mindre enn 33 «speed-datar» med reiseoperatørar i løpet av to dagar.

‒ Det er veldig kjekt at nettverksbygginga begynner å kasta av seg. Vi har heile vegen hatt eit sterkt fokus på at vi som små aktørar her i regionen skal spela kvarandre gode, og til saman klara å skapa så mykje aktivitet som mogleg i Rosendal og bygdene rundt. Og målet er å prøva å strekka turistsesongen så langt som mogleg. Vi har allereie hatt ein guida tur med franskmenn til Gygrastol dette året, så potensialet til å starta sesongen alt så tidleg som i mars er absolutt til stades, sluttar Langesæter i Rosendal Event.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken