Klart for årets høgdepunkt på Sæbøvik

I full sving: Dagleg leiar ved samfunnshuset, Tone Lise Jonassen (t.v.), barsjef Annette Mitchel Eide og vaktsjef Roy Mitchel Eide, er i full sving med dei siste førebuingane før Sæbøvik-festivalen til helga.

I full sving: Dagleg leiar ved samfunnshuset, Tone Lise Jonassen (t.v.), barsjef Annette Mitchel Eide og vaktsjef Roy Mitchel Eide, er i full sving med dei siste førebuingane før Sæbøvik-festivalen til helga.

DEL

– Vi er godt i rute, fortel dagleg leiar ved Halsnøy samfunnshus, Tone-Lise Jonassen.

– No er det berre småting som står att, som å organisera dei frivillige, opprigging av telt og scene, og å skaffa dei siste premiane.

Det er Jonassen ved samfunnshuset og Sverre Bjørnevik ved Spar Sæbøvik som saman står for organiseringa av festivalen, og dei kan freista med eit fullspekka program.

– Torsdagen startar med servering av fiskesuppe, før det vert bluesmusikk med bergensbandet Hungry John, freistar Jonassen.

Fredag er det duka for krabbe- og rekefest, og laurdag opnar fiskefestivalen.

Lokale artistar

Fleire lokale artistar skal stå for underhaldning på dagtid laurdag.

– Sølvi Marie Berge har med seg broren Nils Magnus Berge, og skal synga og spela. Også rockebandet Vegan Monkey Soup har klart å samla seg til festivalen – det er vi veldig glade for.

Rune Landa og Vidar Isdal skal òg spela laurdag.

– Det er kjekt at vi har så mange flinke lokale artistar. Då er det viktig å promotera dei litt, meiner Jonassen.

Basar med ordføraren

Som alltid vert det fiskekonkurranse, men nytt av året er at basarholmen endeleg har fått på plass ein skikkeleg basar også under den årlege festivalen. Basaren blir halden av sjølvaste ordførar Peder Sjo Slettebø.

Om kvelden laurdag spelar Gardsbruk til dans, og det vert også dans i teltet med Splint.

– Ting er på stell, og vi er godt nøgde så langt. Vi er heldige som har mykje god hjelp, spesielt frå velforeininga, seier Jonassen takksamt.

Ny dagleg leiar

Jonassen har alltid stått i kulissane for organiseringa av Sæbøvik-festivalen, men i år er det ho som har hovudansvaret. Ho har nemleg teke over for mora, Wenche Tofte, som dagleg leiar ved Halsnøy samfunnshus.

– Det har vore skremmande og utfordrande å plutseleg skulla ha hovudansvaret, og eg føler eg har mykje å leva opp til etter den gode jobben mamma har gjort, og framleis gjer. Men eg kosar meg, og eg er veldig takksam for moglegheita.

No er Jonassen klar til ei flott helg.

– Vi gler oss veldig og håpar folk vil koma. Vi håpar stemninga vert god, og at alle som tek turen får det kjekt.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags