4 godt i farten om pol i Rosendal

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnheringen var på plass i Skålagato for å lodda stemninga etter nyhenda om at bygda skal få pol.

DEL


1. Kva synest du om at polet kjem til Rosendal?

2. Er det viktig for Rosendal å få vinmonopol?

3. Kva vil du handla der?



Kari Helvik Leth (72)

1. Overraskande og kjekt!

2. Ja, i alle fall for turistane sin del.

3. Nesten berre vin, og aller helst kvitvin.




Anne Berit Sævareid (59)

1. Fantastiske nyhende! No kan eg handla vin spontant.

2. Ja, det vil stansa handelslekkasje.

3. Vin til maten, og for kosens skyld.



Kristin Lamberg (52)

1. Veldig kjekt.

2. Får samla handelen i bygda.

3. Mykje godt til å ha i sausen, type vin, sherry, portvin, madeira, champagne, dessertvin.



Kristi Hatteberg (38)

1. Fantastisk jobba for dette i mange år.

2. Ja, aukar mangfaldet av butikkar, fleire kjem til å handla i bygda.

3. Ei flaske bobler er alltid godt!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags