Pukkellaks var eit stort problem i Kvinnherad i fjor – i år er stoda ei heilt anna

PUKKELLAKS: Hans Thunold fekk pukkellaks i fjor. I år ser det ut til å vera mykje mindre av denne uønska fisken. (Arkivfoto).

PUKKELLAKS: Hans Thunold fekk pukkellaks i fjor. I år ser det ut til å vera mykje mindre av denne uønska fisken. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Pukkellaksen var eit stort problem i fleire elvar i Kvinnherad i fjor, men i år har ikkje Havforskingsinstituttet registrert tilfelle av den svartelista laksearten i kommunen.

DEL

Pukkellaksen er ein stillehavsart som ikkje naturleg høyrer heime i Norge. Vert fiskebestanden for stor kan den konkurrera med laks, sjøaure og sjørøye om gytestadar. Dette er grunnen til at laksearten har hamna på den norske svartelista, ifølgje seniorrådgjevar ved fiskeseksjonen til Miljødirektoratet, Heidi Hansen.

I fjor vart det registrert og fiska pukkellaks i fleire elvar i Kvinnherad og i Etne. I Guddalselva vart det så ille at Guddalselva elveeigarlag søkte Fylkesmannen i Hordaland om å fjerna den svartelista laksen med not og harpun, noko dei også fekk løyve til. Men i år er situasjonen ein annan:

– Vi har ikkje registrert pukkellaks enno i år, verken i Kvinnherad eller Etne, opplyser Øysten Skaala, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.

Han informerer vidare om at det er dette som er normalen – i fjor var heller ein unnatakstilstand.

– Somme år kjem det ei vandring med pukkellaks frå nord. Det ser ut til at nokre årsklassar slår veldig godt til, og at det var det som skjedde i fjor. Men så langt i år har vi ikkje registrert tilfelle av laksen, og det er veldig gledeleg, seier Skaala.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags