Endeleg har Kystverket Vest hatt høve til å inspisera blåskjelanlegget som har lege brakk sidan eigarane gjekk konkurs for fem år sidan. Dei som ønskjer anlegget fjerna blir nok skuffa over Kystverket sin konklusjon. På grunn av manglande midlar hamnar nemleg dette anlegget eit stykke ned på prioriteringslista over dei som blir tekne hand om først.

— Aller først tek vi dei anlegga som er til størst fare for skipstrafikken, og desse finst i hovudsak i Ryfylke. Anlegget i Djupvik ser ut til å liggja nokolunde godt festa i land, det er dessutan noko mindre enn det det i si tid vart søkt om og ikkje minst ligg det i eit område utan særleg båtferdsel, konkluderer avdelingssjef Knut Stenevik i Kystverket Vest med.

Han fortel at fleire anlegg på Vestlandet no er inspiserte, og at det vil bli laga ei prioriteringsliste når alle rapportane ligg føre om kort tid. I utgangspunktet har ikkje Kystverket midlar til å fjerna slike konkursråka anlegg, men dei som ligg utsett til vil likevel bli gjort noko med av tryggleiksgrunnar.

— Vi jobbar med å få midlar til å fjerna alle slike brakklagde anlegg som har falle mellom alle stolar, men der er vi ikkje enno. I mellomtida tek vi berre dei som er til størst fare. Kva tid det kan bli Åkra sin tur, kan eg ikkje lova noko sikkert om, men no er vi i alle fall klare over det, seier Knut Stenevik.