Dette svarar Stiftelsestilsynet

Dersom medlemane i Fjelberg Kraftlag vedtar styret sitt framlegg om omdanning til aksjeselskap 6. desember, er ikkje vedtaket gyldig før det statlege Lotteri- og stiftelsestilsynet har godkjent det.

DEL


Ein føresetnad for samanslåinga av Fjelberg Kraftlag (FK) og Haugaland Kraft (HK) er at FK blir eit aksjeselskap. Deretter går alle aktiva og eignelutar i FK inn som ein del av HK, medan 310 millionar, som er den avtalte verdien av dagens FK, blir verande i det nyoppretta aksjeselskapet, eigd av medlemane etter storleik.

I avtalen mellom FK og HK er det eit punkt om at desse aksjane kan seljast tilbake tilbake til HK til 16,19 kroner i løpet av 2019. Salsgevinsten av ein slik transaksjon er tenkt skal gå til utbetaling til medlemane, samstundes som det nye aksjeselskapet kan bli avvikla.

Det er denne transaksjonen Per Ove Kviteberg ikkje trur at Lotteri- og stiftelsestilsynet kan godta. Skånevik Ølen Kraftlag gjennomførte tidlegare i år fusjon med HK, etter noko som blir sagt skal ha vore etter same modellen som den FK og HK legg opp til.


Sakleg grunn

Kvinnheringen har spurt det statlege Lotteri- og stiftelsestilsynet om dei kan seia noko om kva som blir lagt vekt på når søknaden frå FK ligg på bordet.

– Vi ventar med vurderinga til søknaden kjem, seier seniorrådgivar Øystein Sellevold.

– Viss søknaden er identisk med den frå Skånevik Ølen, skulle det vel ikkje vera noko i vegen for ei godkjenning?

– Kor lik eller ulik denne omdanninga er tidlegare saker, vil vi vurdera når vi mottar søknaden. Vi ser på om det er sakleg grunn til omdanninga, og vi har mynde til å stilla vilkår. Eit ønske frå medlemane om å få tilgang til verdiane i samvirket, er ikkje i seg sjølv sakleg grunn.

– Kva er «sakleg grunn»?

– At omdanninga er forretningsmessig gunstig for verksemda i samvirket, vil vera eit utgangspunkt for vurderinga av om det er sakleg grunn til omdanning eller ikkje, opplyser Sellevold i det statlege tilsynet.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags