Fleire fullførte Kvinnherad Fjelltrim

SKÅLAFJELL: Turen til Skålafjell i Rosendal tar rundt to timar tur/retur, og var det mest populære turmålet i Kvinnherad Fjelltrim i år. (Arkivfoto).

SKÅLAFJELL: Turen til Skålafjell i Rosendal tar rundt to timar tur/retur, og var det mest populære turmålet i Kvinnherad Fjelltrim i år. (Arkivfoto).

Av
DEL


Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedrifts­idrettslaget Hydro Husnes og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klippetenger på 16 ulike turmål i kommunen. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Krava for å fullføra Kvinnherad Fjelltrim er å registrera seg på minst fem turmål i tre ulike område.

I år gjennomførte 68 deltakarar fjelltrimmen, som er ti fleire enn i fjor. Åtte sprekingar klarte alle 16 turmåla, og det var Kjell Ivar Bjørgen, Torill Storhaug Fotland, Aslaug Hellesøy, Øystein Hellesøy, Jan Martin Skaaluren, Sigmund Spjelkavik, Johan Storhaug og Synneva Stuland.

Gjennomsnittsalderen på årets fjelltrimmarar er 54 år, som er noko aukande viss ein samanliknar med 2010 då gjennomsnittsalderen var 49 år. Likevel har ti unge under 15 år fullført årets fjelltrim. Yngste deltakar var Åsne Rolland Seglem på tre år, og eldste var Liv Kvandal på 80 år.

Det var 60 gjennomførte turar til Skålafjell i år, som gjorde denne toppen til det mest populære turmålet av dei 16 i fjelltrimmen. Delt andreplass har Feto og Gråskallen med 57 gjennomførte turar i 2018.


Desse har delteke på fjelltrimmen i 2018:

Bjørgen Kjell Ivar, Bjørke Hilde Mæland, Brattetveit Stine, Enes Anne Kari, Enes-Slettebakken Gunnhild, Enes-Slettebakken Ingrid Helene, Enes Mona, Ersvær Kari, Fotland Torill Storhaug, Gausvik Nils, Hansen Torhild Skram, Haugse Kåre, Hellesøy Aslaug, Hellesøy Marit, Hellesøy Oddvar, Hellesøy Øystein, Hellingsrud Kirsten Bjørke, Hivand Helga Yri, Høyland Bente, Instanes Geir, Jensen Vigdis, Kjærland Nelly, Kroka Ingrid. Kroka Joa Saghaug, Kroka Johan Saghaug, Kroka Steinar, Kvandal Liv, Leganger Håkon, Liarstøl Lillian Tveit, Lunde Bjarte, Lunde Liv Vevik, Mo Solveig, Olderkjær Anne Kari, Opsanger Jan Helge, Raudstein Nils, Rolland Berit Kristine, Røssland Ann Kathrin, Røssland Helen S., Røssland Kari Sandvik, Røstbø Mona Eikemo, Saghaug Liv Bjørnebøle, Sandvik, Solveig Hellesøe, Seberg Jon, Seglem Geir Arne, Seglem Kristina Rolland, Seglem Åsne Rolland, Skaaluren Jan Martin, Skogtun, John Tveit, Skåle Per P., Skåle Åslaug, Spjelkavik Sigmund, Steine Gunnar Eikemo, Steine Gunn Heidi Eikemo, Steine Knut E., Steine Lillian Eikemo, Steine Åsmund Eikemo, Steine Terje Eikemo, Stigum Sidsel, Storhaug Johan, Stuland Synneva, Sunde Brita F., Sunde Svein A., Thorsen Håkon, Tøsse Eirik, Vetlækre Marie, Vågen Berit Skjelnes, Yri Kjell, Øyjord Marte Kristoffersen.



Deltakarar under 15 år:

Gunnhild Enes-Slettebakken

Ingrid Helene Enes-Slettebakken

Joa Saghaug Kroka

Johan Saghaug Kroka

Kristina Rolland Seglem

Åsne Rolland Seglem

Gunnar Eikemo Steine

Lillian Eikemo Steine

Åsmund Eikemo Steine

Terje Eikemo Steine


Deltakar med 5-års jubileum:

Åslaug Skåle


Deltakarar med 10-års jubileum:

Hilde Mæland Bjørke

Torill Storhaug Fotland

Jan Helge Opsanger


Deltakarar med 15-års jubileum:

Marit Hellesøy

Oddvar Hellesøy

Nelly Kjærland

Lillian Tveit Liarstøl

Geir Arne Seglem

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags