Fjellhaugen Skisenter opnar trekket

Laurdag opnar Fjellhaugen trekket for første gong i vinter, melder dei på Facebook fredag. (Arkivfoto).

Laurdag opnar Fjellhaugen trekket for første gong i vinter, melder dei på Facebook fredag. (Arkivfoto).

Opnar trekket for første gong i vinter.

DEL

Endeleg ser det ut til å bli forhold for slalåmkøyring i Fjellhaugen.

Fredag ettermiddag melder skisenteret på Facebook-sida si at trekket opnar laurdag klokka ti:

– Vi har i ettermiddag testkjøyrt trekk og nedfart, og det kjem til å bli gode forhold i morgon. I skrivande stund snør det tett, og utifrå meldingane skal det fortsetta slik iallfall til midnatt! Velkommen til fjells – vi byr på graut og saft i varmebua, i tillegg til andre godsaker, skriv Fjellhaugen Skisenter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags