Formannskapet skal i møte torsdag ta stilling til om kommunen kan bidra med midlar til å bidra til ei slik stilling. I rådmannen si innstilling heiter det at Kvinnherad kommune ikkje har økonomi til å bidra. Samstundes heiter det i innstillinga at han rår til at kommunen går i dialog med Fjellhaugen Skisenter for å prøva å få på plass ei ordning som kan sikra drift i alpin-anlegget innanfor ei kostnadsramme på 150.000 kroner i 2019. Vidare rår han til at kommunen stiller med ein underskotsgaranti etter same vilkår som tidlegare.