På an igjen for brøyte- og løypemannskap

Olav Gunnar Hjelmeland hadde parkert løypemaskinen for vinteren. Men tysdag var han i full sving igjen med å preparera skiløyper rundt Fjellhaugen skisenter.

Olav Gunnar Hjelmeland hadde parkert løypemaskinen for vinteren. Men tysdag var han i full sving igjen med å preparera skiløyper rundt Fjellhaugen skisenter.

Artikkelen er over 2 år gammel

Dei hadde parkert reiskapen for vinteren. Men så lava snøen ned, og det var på an igjen.

DEL

«Jeg velger meg april», skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Gjennom diktet argumenterte han kvifor, og konkluderer til slutt slik: «I den blir sommeren til». Men det tyder ikkje akkurat på at ein sommar er i ferd med å bli til etter det som har skjedd dei siste dagane. I løpet av måndag denne veka fall det 40 centimeter nysnø rundt Fjellhaugen skisenter. Kalenderen viste 25. april, men ut frå snø- og løypeforholda i Fjellhaugen kunne det like godt vore tidleg vinter.

– Vi trudde vi var ferdige med vinteren, og hadde ikkje på nokon måte tenkt oss dette, seier løypesjef Olav Gunnar Hjelmeland og brøytebilsjåfør Lars Johan Lyngnes.

Vi møter dei på parkeringsplassen ved Fjellhaugen skisenter tysdag føremiddag. Dei har vore i arbeid i mange timar alt. Hjelmeland har preppa den seks kilometer lange løypa rundt skisenteret, medan Lyngnes har brøyta vegen opp til skisenteret og inn mot Blådalen.

– Eg hadde parkert plogen for vinteren, men det var berre å finna den fram igjen og koma seg ut for å rydda snø, smiler Lyngnes.

Olav Gunnar Hjelmeland meiner det knapt har vore meir snø i heile vinter enn det er no. Natt til tysdag vart det i tillegg målt kuldegrader ved skisenteret. Han trur difor at det kan bli skiføre her oppe til langt ut i mai.

– Store delar av lysløypa ligg skjerma for sola, så det kan gå lang tid før snøen forsvinn der. Akkurat no er det perfekte skiforhold her, så det er ingen grunn til å rydda bort skia enno, seier Hjelmeland.

Rundt oss er det flotte, nylaga skispor som slynger seg oppover fjellsida.

Sjølv om det ikkje er vanleg med slike snøforhold i slutten av april, så skjer det år om anna.

– Den 28. april i 1985 var forholda heilt like som dei er i dag, minnest Lars Johan Lyngnes.

Olav Gunnar Hjelmeland minnest endå lenger tilbake, til 20. mai i 1958.

– Då lava snøen ned heilt nede ved sjøen, fortel Hjelmeland.

Det er ikkje sikkert han vert arbeidsledig den næraste tida. Så lenge folk ønskjer å nytta lysløypa, er han klar til å leggja forholda til rette.

– Nei, eg får setja i gang å rydda parkeringsplassen, slik at skientusiastane kan ha ein plass å parkera bilane sine, seier Lyngnes, hoppar inn i bilen og føyser den nylagde snøen unna.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags