Skitur i helga?

Frå då Vaksenopplæringa hadde skidag i mars. (Arkivfoto).

Frå då Vaksenopplæringa hadde skidag i mars. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Fjellhaugen Skisenter har no preparerte løyper. Men har du lyst på ein skitur bør du nytta høvet i helga, for neste veke er det meldt mildare vêr!

DEL

Snøen kom førre fredag, og laurdagen blei løypene preparerte. Dermed er det mange som allerie har nytta seg av høvet til å ta ein skitur og to i løpet av veka. Driftsleiar Ivar Berge-Soldal seier løypene blir preparerte så lenge det er snø, og at lysa er på for dei som vil stå på ski om kvelden.

– Men det blir nok ikkje gjort så mykje meir med løypene før det kjem meir snø, no er det litt lite å jobba med.

Allereie neste veke er det meldt plussgrader og regn, så han oppmodar dei som vil stå på ski til å gjera det no.

Nett no er det ikkje bemanna, men det er sett fram ein kasse ved løypa der folk kan betala 20 kroner for å gå i løypene. Skisenteret er i stor grad drive på dugnad, så Berge-Soldal håpar at folk bidrar:

– Det kostar litt å køyra prepareringsmaskina, oppmodar

Fjellhaugen Skisenter har eiga heimeside og i tillegg Facebook-side der det blir lagt ut oppdatert informasjon.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags