Justeringar slo an

Før årets utgåve av Folgefonna Opp blei arrangøren tvungen til gjera grep. Justeringane blei ein suksess, og no ønsker ein å fortsetta slik.

DEL

Ænes og Mauranger Bygdelag og Uskedal IL er storfornøgde med årets motbakkeløp. Før helga måtte dei som arrangørar gjera store endringar grunna vêrmeldingane. I ei pressemelding like før helga blei det opplyst om at målgang blei flytta frå Fonnabu (1450 moh.) til Gardhammar (745 moh.). I tillegg blei starten flytta ned på kaien i Sundal.

– Dette gjekk over all forventning, fortel løpsleiar Ottar Eide til Kvinnheringen laurdag ettermiddag, og held fram:

– Vi var heldige. Vêrmeldingane var ikkje gode, men vi sende opp folk tidleg i dag for å sjekka forholda. Det blei så gitt klarsignal for å trekka målgang opp til Gjeldfeskaret (1160 moh.), fortel Eide.

Han seier at avgjersla tidlegare i veka var enkel å ta.

– Vêrmeldingane har vore ustabile, og det har vore meldt både torevêr og mykje vind. Vi fekk mange reaksjonar før helga om det blei løp eller ikkje. Det var ikkje forsvarleg å la løpet gå som planlagt. Tryggleiken til løparane er viktigast, fortel han, og legg til:

– Ved at vi fekk trekka målgang lengre opp enn til Gardhammar, og likevel vareta sikkerheita, slo bra an.

Endringa med å ha startområdet ved kaien, meiner Eide var ein stor suksess som bør bli permanent.

– Då blir det løp frå fjord til fonn, og det gjer det mykje enklare for oss som arrangør. Det var ein veldig god stemning på kaien. Vi fekk samla folket meir.

Han opplyser at deltakinga ligg på rundt same nivå som i fjor. Nokre forfall som truleg kom på grunn av situasjonen i forkant av løpet, sende deltakartalet i konkurranseklassen ned til 40. Med mosjonsklassen anslår Eide at rundt 100 personar totalt tok seg opp til mål.

Torstein Tengsareid (52:58), Oskar Røen (56:29) og Erling Hisdal (57:45) tok høvesvis 1.-, 2.- og 3. plass.

– Det krev mykje arbeid å stella i stand eit løp som dette, men vi er ein god gjeng som brenn for det. I tillegg har vi fått med ein god gjeng frå Uskedalen. Samarbeidet har vore fruktbart gjennom heile året. Vi måtte ta grep og gjorde det rette. No skal vi setta oss ned og evaluera, så får sjå korleis det blir neste år, avsluttar Eide.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags