Gå til sidens hovedinnhold

Spør om Folgefonnsenteret

Artikkelen er over 2 år gammel

Svein Ingvald Opdal (MDG) har sendt skriftleg spørsmål til ordføraren etter at dagleg leiar Ivar Baste sa opp stillinga si ved Folgefonnsenteret.

Opdal ønskjer svar på korleis kommunen kan bidra til realisering av føremål og visjonar som er nedfelte i senteret sine vedtekter. Han spør også korleis kommunen vil nytta kontaktflatene senteret har for å styrka utdanning, kompetanse og utvikling av arbeidsplassar i kunnskapssektoren i Kvinnherad.

Til slutt skriv Opdal at Kvinnherad har motteke gåver til senteret frå fylket og næringsliv blant andre, og at kommunen no sit at med eit senter til ein verdi av 50 millionar kroner. Han spør korleis Kvinnherad vil forvalta gåvene vidare.

Dagleg leiar ved Folgefonnsenteret seier opp

Kommentarer til denne saken