Dagleg leiar ved Folgefonnsenteret seier opp

Ivar Baste, her frå ein pressekonferanse i september, forlet Folgefonnsenteret. (Arkivfoto).

Ivar Baste, her frå ein pressekonferanse i september, forlet Folgefonnsenteret. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


Ivar Baste har sagt opp stillinga som dagleg leiar i Stiftinga Folgefonnsenteret. Det skriv styreleiar Knut Førland i ei pressemelding fredag føremiddag.

– Det er trist og beklageleg at dagleg leiar (og einaste tilsette) vel å slutta etter berre eitt år i stillinga. Eg trur eg har heile styret med meg på at vi med dette mistar ein svært dyktig og hardtarbeidande leiar, som vi gjerne skulle hatt med oss på laget vidare, skriv Førland.

Ifølgje pressemeldinga har Baste takka ja til ei stilling i Miljødirektoratet.

– Ikkje minst sett i lys av dei økonomiske utfordringane vi for tida har i Folgefonnsenteret, har eg stor forståing for at Ivar har sagt ja til denne stillinga, fortel Førland, og held fram:

– I tillegg er det ikkje lett å dela ei stilling 50/50 mellom to aktørar, og når Miljødirektoratet la ut «agnet» om ei spennande stilling var vel på mange måtar løpet kjørt for vår del. Sånn sett er det berre å ønskja Ivar Baste lykke til med nye utfordringar, og eg set stor pris på at han ønskjer å halda fram det gode samarbeidet med Folgefonnsenteret. Miljødirektoratet er ein viktig støttespelar for oss, og det å ha ein person sentralt plassert i direktoratet vil sjølvsagt berre styrkja dette samarbeidet. Ikkje minst fordi Ivar Baste i sin nye jobb truleg vil få Folgefonnsenteret som fast kontorstad, og han blir såleis ein del av det unike fagmiljøet som er lokalisert på senteret.

Kva styret gjer vidare med omsyn til tilsetjing av ny dagleg leiar, avheng i stor grad av det pågåande arbeidet med å sikra Folgefonnsenteret eit betre økonomisk fundament. Dette vil vera hovudtema på vårt neste styremøte i månadsskiftet oktober/november, står det vidare.

Til styret skriv Baste at han seier opp stillinga av personlege årsaker.

– Eg har kombinert stillinga som dagleg leiar med ei stilling i Miljødirektoratet der eg er vestgruppelanda sin styrerepresentant i FN sitt naturpanel. Det er krevjande å stå ein slik situasjon der ein kombinerer to stillingar med relativt ulike oppgåver over tid, og no er eg komen til eit punkt der eg kjenner eg må ta eit vegval. Eg har nettopp takka ja til å arbeida med koplinga mellom klima og naturmangfald i Miljødirektoratet samstundes med at eg avsluttar åremålet mitt som styrerepresentant i naturpanelet. Eg ønskjer å konsentrera meg om dei nye oppgåvene i direktoratet, og eg har difor valt å tre ut av stillinga som dagleg leiar i Folgefonnsenteret, skriv Baste.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags