Skulle minska årsverk – har auka

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Då formannskapet gjekk gjennom årsmeldinga torsdag nemnte Leif Sverre Enes at tal årsverk har auka med 130 frå 31. desember 2014 til 2017. Planen var å minska årsverk, sa Enes.

Rådmann Odd Ivar Øvregård sa at ein måtte spørja seg kva nye oppgåver som har kome sidan ein vedtok å redusera tal årsverk med 100 stykk. Forklaringa var folk med hjelpebehov og mindreårige flyktningar. Rådmannen sa også at det er ei tung bemanning i skule og barnehagar, og om ein skal redusera 100 årsverk vil det seia at ein må leggja ned fleire tenester.

Bernth Harry Eliassen (Ap) støtta rådmannen, og sa at om ein skal oppretthalda tenester, og vera ein god kommune, kostar det.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags