Då Hilde Holdhus frå Greensight først presenterte prosjektet for politikarane i fjor, var det stor semje om at dette var positivt. Så ønskte politikarane fleire svar om kva prosjektet inneber, noko rådmannen då innhenta.
Og onsdag vedtok formannskapet å takka ja til å bli med i innsiktsstudiet Greensight skal gjennomføra, med føremål om å etablera ein grøn visjon for Kvinnherad kommune. «Kvinnherad kommune er positiv til å bli ein føregangs- og pilotkommune for grøn energiomstilling. Kvinnherad kommune er positiv til vedlagt forslag til innsiktsstudie og intensjonsavtale», skreiv rådmannen i innstillinga.
Han kunne i formannskapet fortelja at Innovasjon Norge kjem til å støtta prosjektet, samt at også fylkeskommunen vil bidra med midlar, mellom anna til frikjøping av personale som trengs til å delta i studiet. Politikarane var denne gongen utelukkande positive, no som det er klart at prosjektet ikkje kjem til å kosta kommunen noko, samt at det opnar for nye og spennande idear.
Kommentarer til denne saken