Gå til sidens hovedinnhold

Møte om Kvinnherad-pakken

Artikkelen er over 2 år gammel

20. november skal kommunen ha eit møte med Hordaland fylkeskommune der Kvinnherad-pakken er tema.

– Vi skal mellom anna drøfta strekkja Opsanger–Porsvik. Tidlegare i år sa Statens vegvesen at dei skulle starta arbeidet med reguleringsplanen, men det har ikkje skjedd på grunn av for lite kapasitet, orienterte Slettebø i formannskapsmøtet onsdag kveld.

På tampen av møtet opplyset seksjonsleiar for kultur, næring og utvikling, Anbjørn Høivik, at kommunen kan ta seg av reguleringsarbeidet sjølv, men då tidlegast i januar.

Kommentarer til denne saken