32.000 frå viltfondet

DEL

Formannskapet har samla vedteke å løyva 32.000 kroner til tre ulike tiltak frå Viltfondet. Kvinnherad Jeger og Sportsfiskarlag får 3.500 kroner til innkjøp av sikringsradioar i Omvikdalen og på Husnes. Det same laget får 3.500 kroner til innkjøp av viltkamera for tilsyn av feller til mår, røyskatt og kråke.

Håkon Olai Lie får 25.000 kroner til oppsett av gjerde på grunn av sterk hjortebeiting.

Artikkeltags