Gå til sidens hovedinnhold

Irriterande forsøpling

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet er lei av bilistar som ikkje sikrar lasta godt nok og strør rundt seg med bos og materialar på veg til SIM.

Fredag fekk politiet melding frå Mesta, etter at ein bilførar ikkje hadde sikra lasta si og dermed strødde materialrestar etter seg heile vegen frå Omvikdalen til SIM.

– Det skjer litt for ofte at folk ikkje sikrar lasta si godt nok når dei skal køyra avfall til SIM, og ender opp med å forsøpla og strø rundt seg med bos. Det same gjeld dei som hentar grus frå sandtak, og strør rundt seg fordi hengaren er overfylt. Det kan vera skummelt viss ting fell av hengaren når det køyrer bilar og tohjulingar bak, og grus i vegbana kan forårsaka til dømes steinsprutskader, seier lensmann Jan L. Fosse.

Han ber sjåførane skjerpa seg, og seier at om problemet ikkje betrar seg blir politiet nøydde til å reagera med bøter.

– Det er ikkje Mesta sitt ansvar å rydda opp ting som ligg strødd langs vegane fordi nokon ikkje følgjer med på lasta si.

Kommentarer til denne saken